Vakre Sjodalen i Jotunheimen er Reinens rike – ein særprega høgfjellsdal fylt med unike råvarer, mattradisjonar, kulturhistorie og spenstige aktivitetar tett knytt til reinsdyret. 

Gjennom heile året byr fjellstuene i Sjodalen i samarbeid med Gjendebåten på unike opplevingar med reinsdyret som hovudattraksjon. Velkomen til rein mat, rein oppleving og rein turglede - kort sagt rein nytelse ved porten til Gjende, Besseggen og Valdresflya.

Og du: I haustferien toppar vi fjellsommaren med høgdepunktet Jotunheimen reinsdyrfestival og mat- og musikkfesten Rock 'n' rein. Program kjem etter påske!

 

Sprakande fjellfarger, knuskturr lyng, karrige steinflyer, irrgrøne fjellvatn og krittkvite fjelltoppar rundt Besseggen, Gjende og Valdresflye – og midt i eventyret eit bølgande teppe av vare, vakre og imponerande urdyr. Dette er Reines rike - ditt skattkammer.

Velkomen til fjells og til bords!  

 

Velkomen til bord dekt med råvarer frå aller øvste hylle: Lokal fjellaure, økologisk vilt rett frå jegeren, seintveksande fjellurter, bær og grønsaker, og naturlegvis perfekt mørna reinsdyrkjøt – henta frå dyr som aldri har streifa lengre enn tre mil frå bordet der du nyter smaken av ureist villmark.

 
 

I Reinens rike blir du møtt av særprega fjellstuer og varmt vertskap med ei lang og spanande historie i høgfjellet. Ei historie som sit i veggane, kjennes i smakane og synast i fjellterrenget. Vårt kall er å få gjestane ut i naturen - og lyfte naturen inn på spisebordet. 

Overnattings- og mattilbodet i Reinens rike dekker heile prisspekteret. Kven vi er, kva vi byr på og kor vi held til finn du ut ved å sjå innom oss her. 

 
 

I Reinens rike har samspelet mellom dyr og fangstfolk sett djupe spor etter seg i terreng, litteratur og kultur. Våre dyktige guidar tek deg på streif til fangstgraver, slakteplassar og i fotspora til storjegeren Jo Gjende. 

Audiens hos hovudpersonen får du også: Sprell levande reinsdyr som har levd sine liv i Jotunheimen sidan siste istid.

 
 

Fyrste laurdag i oktober - avslutningsdagen på Jotunheimen Reinsdyrfestival - slår Reinens rike bokstaveleg talt på stortromma og innbyr til heidundrande mat- og musikkveld i majestetiske omgivnader ved Gjendeosen. På menyen står mørt reinskjøt frå Valdresflya, på programmet folkrockbandet Staut frå dalføret nedanfor. Vi set opp ekspressbuss frå Vågå og festivalbuss frå dei andre fjellstuene i Sjodalen og slår dørene på vidt gap.

Rikhaldig program for Jotunheimen Reisdyrfestival og Rock 'n' Rein vil bli lagt ut våren 2017. Velkomen til eit perfekt punktum for fjellsesongen!