Back to All Events

Reinsdyrsafari til Valdresflye (buss frå alle fjellstuer)

På denne guida bussturen ser vi mest truleg reinsdyr.

Ein reinsgjetar vil vera med på bussen, og ta imot folk etterkvart som dei går på. Han vil fortelja om drifta av Vågå Tamrein gjennom eitt år, og guide dykk oppå Valdresflye. Avhengig av kor reinen er akkurat denne dagen vil det bli ein spasertur i enkelt terreng for å koma så nære rein som mogleg. Vi lagar bål, kokar kaffi og serverer ein smak av tørka reinsdykjøt. Ta med eigen matpakke og gode klede.

Utstyr: Fjellklede, fjellsko, matpakke og termos

Avreise: Hindsæter kl 1000 - Bessheim kl 1020 - Gjendesheim kl 1030 - Besseggen Fjellpark kl 1040.

Påmelding: Innan kl 21 kvelden før til post@bessheim.no eller 612 38 913

Pris: 250 kr for vaksne/ 150 kr for born.