Back to All Events

Rein rangel: Topptur til Knutshø (Gjendesheim)

Bli med turleiar frå DNT på fellestur til spektakulære Knutshø - fjellryggen som mange meiner var den faktiske åstaden for bukkerittet til Peer Gynt.

Kvar einaste dag under Jotunheimen reinsdyrfestival viser turleiar Steinar frå DNT veg til eit av dei mange unike fjella kring Gjendesheim. I dag: Knutshø

Alle turane går kl 9 frå Gjendesheim:

  • Laurdag 1.okt: Knutshø
  • Sundag 2.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende) 
  • Måndag 3.okt: Besseggen (start med båt til Memurubu) 
  • Tysdag 4.okt: Knutshø
  • Onsdag 5.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende)
  • Torsdag 6.okt: Besseggen (start med båt til Memurubu)
  • Fredag 7.okt: Knutshø
  • Laurdag 8.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende)

Antal deltakarar og prisar: 

  • Knutshø: Maks 10 deltakarar - 200 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 400 kr for andre)
  • Jo-stigen: Maks 10 deltakarar - 200 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 400 kr for andre)
  • Besseggen: Maks 15 deltakarar - 150 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 300 kr for andre. Merk: I tillegg kjem båtbillett til Memurubu, sjå gjende.no for prisar)

Fellesturane går så sant været tillet det. Endringar i kva turar som blir gått kva dagar kan bli gjort viss alle deltakarane ynskjer dette. 

Påmelding: Seinast kvelden før i resepsjonen på Gjendesheim eller per mail til gjendesheim@turistforeningen.no