Back to All Events

Rein rangel: Besseggen (Gjendesheim

Bli med turleiar Steinar frå DNT i roleg tempo over klassikeren Besseggen.

Kvar einaste dag under Jotunheimen reinsdyrfestival viser turleiar Steinar frå DNT veg til eit av dei mange unike fjella kring Gjendesheim. I dag sjølvaste Besseggen. 

Alle turane går kl 9 frå Gjendesheim:

  • Laurdag 1.okt: Knutshø
  • Sundag 2.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende) 
  • Måndag 3.okt: Besseggen (start med båt til Memurubu) 
  • Tysdag 4.okt: Knutshø
  • Onsdag 5.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende)
  • Torsdag 6.okt: Besseggen (start med båt til Memurubu)
  • Fredag 7.okt: Knutshø
  • Laurdag 8.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende)

Antal deltakarar og prisar: 

  • Knutshø: Maks 10 deltakarar - 200 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 400 kr for andre)
  • Jo-stigen: Maks 10 deltakarar - 200 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 400 kr for andre)
  • Besseggen: Maks 15 deltakarar - 150 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 300 kr for andre. Merk: I tillegg kjem båtbillett til Memurubu, sjå gjende.no for prisar)

Fellesturane går så sant været tillet det. Endringar i kva turar som blir gått kva dagar kan bli gjort viss alle deltakarane ynskjer dette. 

Påmelding: Seinast kl 21 kvelden før i resepsjonen på Gjendesheim eller per mail til gjendesheim@turistforeningen.no

Earlier Event: October 5
Reinsdyrcruise med Gjendebåten