Back to All Events

Hesteridning til marknadsdagen på Rock 'n' rein (frå Bessheim)

Eksklusiv ridetur over Gjendehalsen til den store marknadsdagen ved Gjendesheim.

Åtte personar er så heldige og få bli med på ein eksklusiv tur på hesteryggen frå Bessheim til Gjendesheim i samband med den store marknadsdagen på Gjendesheim. Turen går via Gjendehalsen, og er ca 5 km lang ein veg. Etter nokre timar på marknaden går turen attende same vegen til Bessheim.  Du må ha ridd litt før, og vera komfortabel med nokre timar på hesteryggen.

Utstyr: Ta gjerne med eige rideutstyr, eller lån på staden. Du må ha klede som kan bli skitne. 

Påmelding: Innan kl 21 kvelden før til Bessheim (maks åtte personar) - post@bessheim.no eller 612 38 913. 

Pris: 600 kr

Earlier Event: October 8
Rein leik (barneaktiviteter Gjendesheim)
Later Event: October 8
Zip-line over Gjende (Gjendesheim)