Back to All Events

Rein rangel: Jo-stigen frå Gjende til Besseggen

Bli med turleiar Steinar frå DNT opp den "hemmelege" Jo-stigen rett til værs frå Gjende og "bakvegen" opp på Besseggen. 

Kvar einaste dag under Jotunheimen reinsdyrfestival viser turledar Steinar frå DNT veg til eit av dei mange unike fjella kring Gjendesheim. I dag: Jo-stigen til topps på Besseggen. 

Alle turane går kl 9 frå Gjendesheim:

  • Laurdag 1.okt: Knutshø
  • Sundag 2.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende) 
  • Måndag 3.okt: Besseggen (start med båt til Memurubu) 
  • Tysdag 4.okt: Knutshø
  • Onsdag 5.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende)
  • Torsdag 6.okt: Besseggen (start med båt til Memurubu)
  • Fredag 7.okt: Knutshø
  • Laurdag 8.okt: Jo-stigen (direkte opp på Besseggen frå Gjende)

Antal deltakarar og prisar: 

  • Knutshø: Maks 10 deltakarar - 200 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 400 kr for andre)
  • Jo-stigen: Maks 10 deltakarar - 200 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 400 kr for andre)
  • Besseggen: Maks 15 deltakarar - 150 kr per deltakar (gjeld DNT-medlemar og gjestar på Gjendesheim - 300 kr for andre. Merk: I tillegg kjem båtbillett til Memurubu, sjå gjende.no for prisar)

Fellesturane går så sant været tillet det. Endringar i kva turar som blir gått kva dagar kan bli gjort viss alle deltakarane ynskjer dette. 

Påmelding: Seinast kl 21 kvelden før i resepsjonen på Gjendesheim eller per mail til gjendesheim@dnt.no