Back to All Events

Rein flid: Skinn og bein (Gjendesheim)

  • Gjendesheim Norway (map)

Sofie i Jutulskinn presenterer eigne salsprodukt laga av reinsdyr.

Sofie om seg sjølv og verksemda Jutulskinn: 

I mitt skinnhandverk arbeider eg tett på naturen og nyttar tradisjonelle teknikkar til å lage nydelege plagg og redskap, alt med stor respekt for dyret som skinnet og beina er henta frå. Eg designer og lagar autentiske skinnarbeid frå steinalderen, vikingtida og middelalderen, eller nomadiske klede frå rundt om i verda. Eg bur og arbeider i Vågå, same kommune som Reinens rike ligg i.

Foredraget er gratis og krev inga påmelding.

Earlier Event: October 8
Reinscruise med Gjendebåten
Later Event: October 8
Rein gourmet (Hindsæter)