Back to All Events

Gjendebåten går til Memurubu/Besseggen

Ynskjer du å bruke dagen til ein flott fjelltur, eller oppleve vakre Gjende og Jotunheimen frå båtdekket? 

Vi tek deg med midt inn i villaste Jotunheimen til eventyrlege omgivelser og turmoglegheiter. Båtturen inn til Memurubu tek 20 minutt, og vi returnerer attende til Gjendesheim med ein gong. Går du av på Memurubu kan du gå vidgjetne Besseggen attende til Gjendesheim. Ynskjer du ein lattare tur er stigen langs vatnet eit kjempefint alternativ. Her kjem du nær både fjell, vatn og flora. Kanskje vil du til og med oppleve reinen på nært hald?

Viktig: Båten har kun denne daglege avgangen, så sørg for å møte opp i tide om du ynskjer å toppe turåret med å ta båten til Memurubu og gå Besseggen attende til parkeringa ved Gjendesheim. Velkomen om bord!

Påmelding og kontaktinfo: harald@gjende.no

Prisar: 

Enkelt tur ein veg: Vaksen 140,- / Barn 70,-
Tur/retur same dag utan avstigning: Voksen 160,- / Barn 80,-

Earlier Event: October 2
Sjørøvercruise med Gjendebåten