Back to All Events

Rein historie: Tilverknad av skinn (Gjendesheim)

  • Gjendesheim Norway (map)

Skinnmester Sofie Kleppe i Jutulskinn fortel og demonstrerer tradisjonell tilverknad av skinn.

Sofie om seg sjølv og verksemda i Jutulskinn: 

I mitt skinnhandverk arbeider eg tett på naturen og nyttar tradisjonelle teknikkar til å lage nydelege plagg og redskap, alt med stor respekt for dyret som skinnet og beina er henta frå. Eg designer og lagar autentiske skinnarbeid frå steinalderen, vikingtida og middelalderen, eller nomadiske klede frå rundt om i verda. Eg bur og arbeider i Vågå, same kommune som Reinens rike ligg i.