Back to All Events

Rein eksponering: Fotokurs dag 2 (Gjendesheim)

Fotokurset for deg som ynskjer å ta betre bilete. Fotograf Kristoffer Thuestad lærer deg korleis ditt systemkamera fungerer og korleis du kan være kreativ i di fotografering. Du vil og lære å bearbeide blinkskota dine digitalt etter at du har teke bileta. Og ja: Du får sjølvsagt ta bilete portrettbilete - av reinsdyr i sitt rette element.

Kurshaldar Kristoffer Thuestad om seg sjølv:

Som fotograf er eg oppteken av å lage bilder som er unike. Eksponeringer som formidlar stemning, energi og kjenslar. Eg liker godt å gjere portrett, både i studio og naturen. Noko av det mest spanande med foto er å skape noko nytt og uventa.

Fotokurset Rein eksponering blir arrangert under Jotunheimen reinsdyrfestival. Utvidar du kursopphaldet med ein dag ekstra får du med deg mat- og musikkfesten Rock 'n' rein med mange gode motiv for ein inspirert fjellfotograf.

Dato: Fotokurset Rein eksponering går over to dagar - torsdag 6.oktober og fredag 7.oktober.

Kursinfo: Sjå nettsida www.kristofferthuestad.com/kurs for detaljert kursinfo. 

Utstyr: Du må sjølv stille med eige systemkamera og laptop (PC eller Mac). Programvare får du gratis tilgang til under kurset.

Pris:  To kursdagar for DNT-medlem: 1500,- For alle andre: 1800,- Mat og overnatting er ikkje inkludert i kursprisen.

Påmelding: Innan kl 21 kvelden før i resepsjonen eller til gjendesheim@turistforeningen.no. Hugs å bestille overnatting og måltider samstundes.