Back to All Events

Kurs i partering av reinsdyr med middag og overnatting

Ynskjer du å lære korleis du deler opp eit heilt slakt?

Kjøkensjef Bjørn Ekerbakke held kurs i partering av reinsdyr. Han deler opp eit heilt slakt og viser korleis du går fram ved partering. Han fortel også om korleis du kan nytte stykningsdelane på ein best mogleg måte. 

Kurset er på kjøkenet på Bessheim mellom klokka 12.00 og 15.00 laurdag 11. mars. Du får servert ein enkel lunsj på slutten.

Det er valfritt om du vil overnatte frå fredag til laurdag eller frå laurdag til søndag. Middagen blir servert frå klokka 18.30 både fredag og laurdag kveld

Pris per person for parteringskurs, treretters middag og overnatting med frokost er kroner 1400,- 

Maks 10 deltakerar på kurset. Påmelding på e-post post@bessheim.no

Velkomne til Bessheim og Reinens Rike!�

Foto: www.kristofferthuestad.com

Earlier Event: March 10
Ølsmaking av norske håndverksøl