Back to All Events

Middag og foredrag med Christine Storm Munch

Treretters middag med inspirasjon frå Fru Christine Storm Munch si kokebok

Denne kvelden serverer vi ein treretters middag med inspirasjon frå Fru Christine Storm Munch si kokebok. Etter middagen held Unn Bostad foredrag om henne. 

Christine var oldemor til kunstnaren Edvard Munch. Ho var ei framståande kvinne i si tid. Ho hadde interesser innanfor område som astronomi, botanikk, musikk, motar, språk og hagebruk. Ho og familien hadde gjennom omlag 80 år sete på prestegarden Ullinsvin i Vågå. Ho hadde kunnskap om bruk av planter og ”legeurter” til mat og læging. Christine var nok ein uvanleg representant for dei nye ideala i opplysningstida seint på 1700-talet.

Unn Bostad kom til Vågå som 2-åring. Mora og faren var prestefolk i Vågå frå 1939 til 1968. Ho er oppvakse i Ullinsvin. 

Du kan gå til bords på middagen kva tid du vil mellom 18.30 og 20.30. Foredrag klokka 20.30. Bestill på e-post: post@bessheim.no seinast dagen før. Eller på telefon 612 38 913.

Middagen kostar kr. 370,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Vin og anna drikke kjem i tillegg. 

Velkomen på middag og foredrag!😊