Back to All Events

Foredrag om Theodor Caspari

Lysbildeforedrag av Haldis Buer Stamnes

Torsdag 13. april held Haldis Buer Stamnes foredrag med lysbilde om diktaren Theodor Caspari på Bessheim. Ho gav ut ein biografi om han i 2012. Caspari er kanskje mest kjend for folk flest for dikta “Norge mitt Norge” og “Stå vakt om naturen!” Caspari var oppteken av natur og friluftsliv, og med det store engasjementet sitt var han med på å gjera sitt til at Gjende ikkje vart regulert.

I foredraget legg Stamnes vekt på det nære forholdet Caspari hadde til Sjodalen og Besseter, og til den fyrste turismen her i Aust-Jotunheimen.

Haldis Buer Stamnes er cand.philol. med norsk hovudfag og fransk og allmenn litteraturkunnskap i fagkrinsen. Sidan 1984 har ho hatt hytte i Skåbu, eit område Caspari òg var særs knytt til.

Klokka 20.30 i peisstugu.

Earlier Event: April 13
Rasletind - guida tur
Later Event: April 14
Besseggen med guide