Back to All Events

Besseggen med guide

Gå den kjende fjellturen om vinteren!

Vi startar på Bessheim, går opp til Bessvatnet og innover på isen til Bandet. Frå der går turen opp den spektakulære Besseggen med skia på ryggen. Fin nedkjøring heile turen frå toppen av Veslfjellet og ned att til Bessheim. På denne turen må du ha fjellski eller randonneéutstyr og vera i normalt god form. Ta med godt med mat og drikke. 

Påmelding på e-post eller på telefon 61238913 seinast klokka 22.00 dagen før. Pris kroner 400 per person. Minimum 4 deltakarar. Oppmøte i resepsjonen kl. 0900.

Earlier Event: April 13
Foredrag om Theodor Caspari
Later Event: April 15
Sledetur med reinsdyret Iver