Opplev lys levande reinsdyr i deira rette element - eller nøy deg med å nyte smaken...

Sjodalen og Gjende er hovudinnfallsporten til Jotunheimen og ynda tumleplass for fjellfolk i alle aldre. Rett ved frukostbordet finn du nasjonalikon som Besseggen, Gjende og Valdresflya, og store turopplevingar som Knutshø, Besshø og Bukkelægeret.

I Reinens rike tek ei perlerad med trivelege fjellstuer vel i mot deg. Vår stoltheit ligg i å servere deg ei fjelloppleving du seint vil gløyme - gjerne krydra med eit levande møte eller ein kulinarisk smak av sjølvaste bygdedyret: Reinen. Vi byr på eit breitt spekter guida turar, leige av friluftsutstyr og det doble høgdepunktet fyrste veka i oktober: Familievenlege Jotunheimen reinsdyrfestival og mat- og musikkhelga Rock 'n' Rein