Vakre Sjodalen i Jotunheimen er Reinens rike – ein særprega høgfjellsdal fylt med unike råvarer, mattradisjonar, kulturhistorie og spenstige aktivitetar tett knytt til reinsdyret. 

Gjennom heile året byr fjellstuene i Sjodalen i samarbeid med Gjendebåten på unike opplevingar med reinsdyret som hovudattraksjon. I haustferien toppar vi fjellsommaren med høgdepunktet Jotunheimen reinsdyrfestival og mat- og musikkfesten Rock 'n' rein. Velkomen til reint nytelse!

 

Sprakande fjellfarger, knuskturr lyng, karrige steinflyer, irrgrøne fjellvatn og krittkvite fjelltoppar rundt Besseggen, Gjende og Valdresflye – og midt i eventyret eit bølgande teppe av vare, vakre og imponerande urdyr. Dette er Reines rike - ditt skattkammer.

Velkomen til fjells og til bords!  

 

Velkomen til bord dekt med råvarer frå aller øvste hylle: Lokal fjellaure, økologisk vilt rett frå jegeren, seintveksande fjellurter, bær og grønsaker, og naturlegvis perfekt mørna reinsdyrkjøt – henta frå dyr som aldri har streifa lengre enn tre mil frå bordet der du nyter smaken av ureist villmark.

 
 

I Reinens rike blir du møtt av særprega fjellstuer og varmt vertskap med ei lang og spanande historie i høgfjellet. Ei historie som sit i veggane, kjennes i smakane og synast i fjellterrenget. Vårt kall er å få gjestane ut i naturen - og lyfte naturen inn på spisebordet. 

Overnattings- og mattilbodet i Reinens rike dekker heile prisspekteret. Kven vi er, kva vi byr på og kor vi held til finn du ut ved å sjå innom oss her. 

 
 

I Reinens rike har samspelet mellom dyr og fangstfolk sett djupe spor etter seg i terreng, litteratur og kultur. Våre dyktige guidar tek deg på streif til fangstgraver, slakteplassar og i fotspora til storjegeren Jo Gjende. 

Audiens hos hovudpersonen får du også: Sprell levande reinsdyr som har levd sine liv i Jotunheimen sidan siste istid.

 
 

Oktoberfest i fjellheimen - siste helg i haustferien! Velkomen til to dagars musikk- og etegilde ved innfallsporten til Gjende. På dagtid laurdag inviterer vi til handverks- og matmarknad for heile familien ved Sjoas bredder. På kveldstid serverer vi kortreiste godbitar for ganen og importert godlyd for øyra i oppvarma stortelt oppunder Noregs tak. Vi set opp ekspressbuss frå Vågå og Beitostølen, samt festivalbuss frå dei andre fjellstuene i Sjodalen og slår dørene på vidt gap. Velkomen til Rock 'n' Rein - avslutningshelga på haustferien, fjellsesongen og Jotunheimen reinsdyrfestival.