Vakre Sjodalen i Jotunheimen er Reinens rike – med unike råvarer, mattradisjonar, kultur og aktivitetar tett knytt til urdyret. 

 

 

Legg fjellturen til Reinens rike - og opplev synet, smaken, lukta, historia og eit nært samspel med reinen i sitt rette element. Om du sjølv vil på vandring vaknar du her opp med Besseggen, Gjende og Valdresflya rett utenfor døra.

I veke 40 innbyr vi til Jotunheimen reinsdyrfestival med mat, aktiviteter og kultur tufta på reinen heile veka til endes - eit perfekt punktum for fjellsesongen!  

 
 

Velkomen til bord dekt med råvarer frå aller øvste hylle: Lokal fjellaure, økologisk vilt rett frå jegeren, seintveksande fjellurter, bær og grønsaker, og naturlegvis perfekt mørna reinsdyrkjøt – henta frå urdyr som aldri har streifa lengre enn tre mil frå bordet der du nyter smaken av ureist villmark.

 
 

Panoamautsikt frå Besseggen, irrgrønt brevatn i Gjende, vide steinflyer på Valdresflya, ville tinderekker og sprakande fargespel – ikkje rart både dyr og menneskje stortrivst på streif i Reinens rike. 

Vi tek deg gjerne med på tur i dei fire flotte årstida naturen har å tilby – i reinens historiske fotefar!

 
 

I Reinens rike blir du møtt av særprega fjellstuer og varmt vertskap med ei lang og spanande historie i høgfjellet. Ei historie som sit i veggane, kjennes i smakane og synast i fjellterrenget. Vårt kall er å få gjestane ut i naturen - og hente naturen inn på spisebordet. 

Overnattings- og mattilbodet i Reinens rike dekker heile prisspekteret. Kven vi er, kva vi byr på og kor vi held til finn du ut ved å helse på oss her. 

 
 

Har maten, naturen og aktivitetane pirra lysta på fleire reine opplevingar? Set prikken over i-en i vedfyrt badestamp under stjernene ved Gjende, med fjellspa og kultursauna på Hindsæter eller på reinscruise med kulturinnslag på Gjende.

 
 

Henrik Ibsen måtte ty til Reinens rike for å finne passande kulissar for Peer Gynt og Bukkerittet. I våre dagar har du mangfaldige høve til å imponere di eiga Mor Aase til lands, til vanns og i lufta med.

Vi gir deg gjerne oversikt over arrangement i Reinens rike – eller guidar deg til vågestykker og leikeplassar rundt Besseggen.

 
 
Reinens rike i norge.png

Reinens rike strekk seg frå Valdresflyas karrige steinflyer, forbi eit irrgrønt Gjende med populære Besseggen og inn i Sjodalen, hovedinnfallsporten til Jotunheimen. Til Reinens Rike kjem du i bil eller rutebuss via Valdres over Valdresflya eller via Gudbrandsdalen (ta av ved Sjoa eller Vågåvatnet).

Klikk her for ruteplanleggar.

 

Sjekk ut våre samarbeidspartnarar for meir informasjon og fleire tips om aktiviteter, mat og overnatting i samband med turen din til Reinens rike.