Etegilde med lokale råvarer, handverks- og matmarknad, aktivitetsdag og liveband i oppvarma stortelt. Alt servert på eitt fat ved magiske Gjende. Velkomen til Rock 'n' Rein - avslutningsdagen på Jotunheimen reinsdyrfestival. 

 

09.30 Gjendebåten kastar loss med kurs for Memurubu - og Besseggen for deg som gå den fjellturen attende til Gjendesheim.

10.00 - 16.00: Open MARKNADSDAG ved Gjende (FRI ADGANG FOR STORE OG SMÅ): 

10.00 Opning av aktivitetsdagen og Reinens marknad. Salsboder med handverk, mat og drikke tilverka i Reinens rike. Meir info kjem.  

10.00 Fjellrittet hesteridning frå Bessheim

11.00 Festivalbuss frå Bessheim via Besseggen Fjellcamp til Gjendesheim. 

11.00 Trubadurane Thomas Bakke og Svein Rune Damstuen spelar opp og underheld publikum gjennom marknadsdagen.

12.00 Grillen er varm og det blir høve til å kjøpe seg eit smakeleg og reint måltid og noko å drikke gjennom heile dagen.

16.00 Reinsdyrcruice på Gjende – her får du garantert sjå levande reinsdyr.

16.00 Marknaden og aktivitetene ved Gjende er over - men meir moro er i vente!

16.00 Rein flid: Skinnmester Sofie Kleppe i Jutulskinn presenterer eigne salsprodukt laga av reinsdyr.

16.00 Festivalbuss frå Gjendesheim via Besseggen Fjellcamp til Bessheim Fjellstue.

19.00 - 01.00: ROCK 'N' REIN FESTKVELD OG ETEGILDE PÅ GJENDESHEIM (aldersgrense 20 år):

Even Lusæter, ein av Noregs beste litteraturformidlarar, og Mette Vårdal, ein av få utvalde til forskergrandprix, vil leie dykk gjennom kvelden. Duoen har fått med seg Vågå sine store trubadurar Thomas Bakke og Svein Rune Damstuen, som med gitaren set den rette stemninga. Velkomen!

18.00 Ekspressbuss frå Vågåmo (YX-stasjonen) via Bessheim Fjellstue og Besseggen Fjellpark til Gjendesheim (venta ankomst kl 19.15).

19.00 Teltdørene opnar for svoltne og oppstemte reinsrockarar, og barane opnar!

19.30 Ordførar i Vågå, Iselin Jonassen, opnar Rock`n`Rein.

19.30: Etegildet er i gang ved Gjende sine bredder. Heilgrilla reinsdyr og andre varmrettar henta frå Reinens Rike. Speka reinsdyr og andre spanande kaldrettar. Godt tilbehør og sprudlande ordstyrar tek oss gjennom måltidet. Vidgjeten dessert toppar den kulinariske opplevinga.

23.00 Folkrockbandet Staut frå Valdres - et av Norges beste liveband - går på scena i det store festivalteltet. 

01.00 Baren stenger.

01.30 Ekspressbuss til Vågåmo med avgang frå Gjendesheim via Besseggen Fjellpark og Bessheim Fjellstue.