Da den store innlandsisen trekte seg tilbake for omlag 10.000 år sidan, trekte dei første reinsflokkane inn i Skandinavia.

Kystområda vart isfrie først og gav berging for planter og dyr. I fotefara følgde mennesket med og veidekulturen som stod ved lag i årtusen. Folk levde som nomader og vandra med reinstrekket gjennom året. Først i relativt ny tid vart mennesket bufast, dyrka jorda og heldt tamme dyr.

Reinen er tilpassa arktisk klima, den tåler temparatur ned mot -30 grader utan å auke stoffskiftet. Vinterpelsen er veldig tett, 3 gonger så mange dekkhår/cm3 som hjort og elg. Dekkhåra er luftfylte og gir dermed ekstra god isolasjon. Vinterpelsen er lysare enn sommarpelsen. Om vinteren lever reinen av seintveksande lavartar som andre dyr ikkje kan nytte, sommarstid går den over på gras. Næringsopptaket til reinen er så godt tilpassa vegetasjonen den lever av at proteinopptaket er nær det dobbelte av det sauen får ut av same beite.

Reinen er det einaste hjortedyret der både hanndyret (bukken) og hodyret (simla) har gevir. Naturen er slik at bukken feller sine horn rundt juletider og simla får rang og kraft til å jage bukken bort frå matfatet når matressursane er knappe. Slik har ho eit betre utgangspunkt for å berge seg og den nye kalven som blir fødd i mai/juni. Simla feller horna etter kalving.

Reinen har skålforma klauv. Den er mjuk og blaut om sommaren, men hard og kvass om vinteren. Da fungerer den godt som graveredskap ned til mose og lav. Mildværsperioder heilt til fjells og påfølgande kulde er eit aukande problem når beita blir islagde og utilgjengelege.

Om sommaren trekker reinen opp mot snøfonner og brear, både fordi den tåler varmen dårleg og fordi insektplagen er stor. På den tida går simle og kalv i småflokkar.  Bukken held seg for seg sjøl fram mot brunsttida i september. Gjennom vinteren går flokken meir samla.

Reinen du ser rundt om i terrenget og får servert på tallerkenen i Reinens rike er så kortreist som der mogleg å få han - desse dyra har aldri vore lengre enn 30 kilometer unna fjellstua du har lagt opphaldet ditt til. 

Vi ynskjer deg eit smakeleg og minnerikt opphald i Reinens rike!