Oktoberfest i fjellheimen! Velkomen til to dagars musikk- og etegilde ved innfallsporten til Gjende. På dagtid laurdag inviterer vi til handverks- og matmarknad for heile familien ved Sjoas bredder. På kveldstid serverer vi kortreiste godbitar for ganen og importert godlyd for øyra i oppvarma stortelt oppunder Noregs tak. Velkomen til Rock 'n' Rein - avslutningshelga på haustferien og Jotunheimen reinsdyrfestival. 

 

FREDAG 6.OKTOBER: 

Oktoberfest! Framifrå lokalbrygg frå dyktige produsentar på begge sidar av Valdresflya, stuttreist pølsesnadder, og stemning i telttaket når Belfast Lads spelar opp. Eit betre høve til å takke av fjellsommaren skal du leite veldig lenge etter! 

20.00 Teltdørene og baren opnar. Pølsar og øl på menyen i oppvarma stortelt oppunder Noregs tak! Lokale bryggmeistarar skjenkar opp stuttreist øl av ymse slag i lag med vinimportørane Bertil & Martens frå Otta. Pølser laga av ypperlege råvarar frå fjellheimen. Liveheltane i Belfast Lads toppar det heile med irsk folk og eit par røvarar av beste merke.

20.30 Avgang festivallbuss frå Bessheim og Gjendesheim til Besseggen Fjellpark.

01.00 Takk for i kveld og vel heim - nokon til fots og andre med festivalbuss til Gjendesheim og Bessheim.

Inngang: 250,-

Aldersgrense: 20 år

Billettar: Tikkio

 

LAURDAG 7.OKTOBER: 

Haustens høgdepunkt! Handverks - og matmarknad på dagtid. Etegilde med tonar og trøkk til langt på natt. Velkomen til avslutningsdagen på Jotunheimen Reinsdyrfestival for små og store!

11.00 - 15.00: Open MARKNADSDAG PÅ BESSEGGEN FJELLPARK (FRI ADGANG for alle ALDRE): 

11.00 Marknadsbuss frå Bessheim via Gjendesheim til marknaden på Besseggen Fjellpark (Maurvangen).

11.00 Opning av Reinens marknad.

  • Salsboder med handverk, mat og drikke tilverka i Reinens rike og grannelaget.
    • Rein flid: Skinnmester Sofie Kleppe i Jutulskinn presenterer eigne salsprodukt laga av reinsdyr.
    • Meir info kjem.
  • Aktiviteter for born - og sjølvsagt kjem reinsdyret Iver! 
  • Irske Belfast Lads set stemninga med musikk å bli glad av. 
  • Grillen er varm og det blir høve til å kjøpe seg eit smakeleg og reint måltid og noko å drikke gjennom heile dagen.

15.00 Marknaden og aktivitetene ved Sjoas bredder er over - men meir moro er i vente same stad utover kvelden!

15.00 Marknadsbuss attende til Gjendesheim og Besseheim frå Bessheim Fjellcamp.

16.00 Reinsdyrcruise på Gjende med sightseeingbåt – her får du garantert sjå levande reinsdyr. Billettsal på www.gjende.no

19.00 - 01.00: ROCK 'N' REIN FESTKVELD OG ETEGILDE (aldersgrense 20 år):

I fjor lyfta 500 oppstemte gjestar, kjøkensjefar i storslag og musikarar i toppform Rock 'n' Rein ved Gjende til ein fantastisk kveld. I år siktar vi enno høgare. Få med deg stemninga, smakane, tonene og omgivnadene som gjer denne opplevinga til eit fjellminne å leve lenge på! 

17.30 Ekspressbuss frå Vågåmo (YX-stasjonen) via Bessheim Fjellstue og Gjendesheim til Besseggen Fjellpark (venta ankomst kl 18.45)

18.00 Ekspressbuss frå Beitostølen (Bergo Hotell) til Besseggen Fjellpark (venta ankomst kl 18.40). 

19.00 Teltdørene opnar for svoltne og oppstemte reinsrockarar, og barane opnar!

19.30: Etegildet er i gang i bruset frå fjellelva Sjoa. Heilgrilla reinsdyr og andre varmrettar henta frå Reinens Rike. Speka reinskjøt og andre spanande kaldrettar. Godt tilbehør og sprudlande ordstyrar tek oss gjennom måltidet. Vidgjeten dessert toppar den kulinariske opplevinga. Vi garanterer at du blir både begeistra og svimmel!

21.00 Dei irske liveheltane Belfast Lads toppar desserten og spelar opp til kveldens musikalske finale...:

22.00 Dinnershowet "Av full hals - allsang på grensen" lyfter taket på teltet og snur haustfjellet på hovudet. Topp underhaldning og musikalsk oppvising av høg klasse hand i hand som på sommarstid dreg store og entusiastiske publikum. Av full hals kjem til å gi alt i sesongfinala oppunder Noregs tak - så hald deg gjerne fast, for her klarar du neppe å sitte stille!

01.00 Baren stenger.

01.30 Ekspressbussar til Vågåmo og Beitostølen med avgang frå Besseggen Fjellpark (Vågå-bussen via Gjendesheim og Bessheim Fjellstue).

Inngang: 695,-

Aldersgrense: 20 år

Billettar: Tikkio

Rock ‘n’ Reinkort - BUKK (begge dagar) - 825 kr: Adgang til Oktoberfest fredag og dinnershow laurdag - inkludert heilaftens etegilde med lokal rein og gjendeaure i ein rekke variantar krydra med musikalske høgdepunkt. Billett kjøper du HER. 

Rock ‘n’ Reinkort - SIMLE (kun laurdag) - 725 kr: Adgang til dinnershow laurdag - inkludert heilaftens etegilde med lokal rein og gjendeaure i ein rekke variantar krydra med musikalske høgdepunkt. Billett kjøper du HER. 

Rock ‘n’ Reinkort - KALV (kun fredag) - 265 kr: Adgang til Oktoberfest fredag - inkludert konsert med Belfast Lads. Sal av lokalt brygg og stuttreiste pølser. Billett kjøper du HER. 

Ekspressbuss frå Vågåmo til Besseggen Fjellpark (tur-retur) laurdag - 225 kr (tur-retur): Avgang frå YX-stasjonen i Vågåmo kl 17:30, retur frå Besseggen Fjellpark kl 01:30. Billett kjøper du HER

Ekspressbuss frå Beitostølen til Besseggen Fjellpark (tur-retur) laurdag - 225 kroner (tur-retur): Avgang frå Bergo Hotell kl 18:00, retur frå Besseggen Fjellpark kl 01:30. Billett kjøper du HER

Festivalbuss i Sjodalen - gratis: Buss frå Bessheim Fjellstue og Gjendesheim til Besseggen Fjellpark (sjå program over for avgangar).

Reinscruise på Gjende - 150 kr: Book billett på førehand på www.gjende.no

Overnatting? Ta kontakt med triveleg vertskap på: 

  • Bessheim Fjellstue & Hytter: post@bessheim.no
  • Besseggen Fjellpark 61 23 89 22
  • Gjendesheim Turisthytte 61 23 89 10

Aldersgrense: 20 år

Velkomen til haustens høgdepunkt!