I vinter kan du sledekjøyre med reinsdyr på Sjodalsvatnet - kvar einaste onsdag!

I heile vinter frå vinterferien til påske har du alle tidars høve til å kome i nærkontakt med kronprinsen av høgfjellet: Reinsdyret. 

På Øvre Sjodalsvatn - midt i Reinens rike - inviterer nemleg reinsbukken Iver og dei firbeinte venene hans på sledekøyring og vintertur med foring kvar einaste onsdag. På Reinens Rike Vintercamp får du og smakebiter av lokalt reinsdyr tilberedt på leirbålet.

Ynskjer du å mate reinsdyret Iver og gå tur med ham andre vekedager er dette mogleg ved å kontakte Bessheim Fjellstue kor reinsdyra held til heile vinteren.  Velkomen på ein sledetur du seint vil gløyme!

Sjodalen og Gjende er hovudinnfallsporten til Jotunheimen og ynda tumleplass for fjellfolk i alle aldre. Rett ved frukostbordet finn du nasjonalikon som Besseggen, Gjende og Valdresflya, og store turopplevingar som Knutshø, Besshø og Bukkelægeret.

Jotunheimen reinsdyrfestival

Besseggen.jpeg

Besseggen

 

Gjendebåten

I Reinens rike tek ei perlerad med trivelege fjellstuer vel i mot deg. Vår stoltheit ligg i å servere deg ei fjelloppleving du seint vil gløyme - gjerne krydra med eit levande møte eller ein kulinarisk smak av sjølvaste bygdedyret: Reinen. Vi byr på eit breitt spekter guida turar, leige av friluftsutstyr og sjølve høgdepunktet: Jotunheimen reinsdyrfestival fyrste i oktober. 

 

Velkomen til REIN OPPLEVING PÅ NOREGS TAK!

Fyrste veka i oktober blir haustfagre Sjodalen fylt opp med rein mat, rein oppleving, rein turglede og mat- og musikkfesten Rock 'n' rein. Jotunheimen reinsdyrfestival byr kort sagt på rein nytelse ved porten til Gjende, Besseggen og Valdresflya. Gjendebåten går kvar dag under festivalen!

Program for Jotunheimen reinsdyrfestival finn du her. 

Sjekk og ut særskild dagsprogram for avslutningsdagen Rock 'n' Rein. 

Meld deg på vårt nyheitsbrev for å få festivalnytt på mail. 

 

den mest POPULÆRE fjellturen i NorEG HAR 50.000 vitjande kvar sommar. Er det din tur i år? 

 

Dei  fleste som går Besseggen vel å ta båten frå Gjendesheim til Memurubu, for så å gå Besseggen attende. Dei som er lite svimle av seg går frå Gjendesheim til Memurubu og ned den bratte eggen, før dei tek båten attende eller overnatter på Memurubu. Vel du å gå denne vegen får du den finaste utsikta.

Turen tek normalt 5-7 timer. Meir info om turen på gjende.no

Ta rutebåten inn til hjarta av Jotunheimen - eller heim att frå fjelleventyret

Besseggem, Bukkelægeret, Gjendebu eller Memurubu - tek du båten til eller frå Gjendesheim kan du velje turmål frå aller øvste hylle. I sesongen har Gjendebåten mange daglege avgangar. Rutetide, hamner og turforslag finn du på gjende.no

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Den er halve milen lang...
— Peer Gynt i Bukkerittet